fredag 7. august 2015

Kva er sann opplysning?

Arkimandritt fader Dionysios intervjua av Craig Hamilton sommaren 2000.


Mitt første møte med fader Dionysios skjedde ironisk nok via epost. Sjølv om dette er ein moderne kommunikasjonsform, følte eg det som om eg hadde blitt transportert 1000 år tilbake i tid då eg tok imot eposten. Ei tid der kunsten å skriva brev var ein verdsatt og utstudert form for åndeleg diskurs. ”Herr Hamilton, kjær i Herren”, begynte brevet. ”Gled deg i Herren. Det var ei stor ære å mottaka eposten din 11. september, særleg etter ei tilråding frå vår respekterte felles ven – i mitt tilfelle i lang tid – den svært kloke fader Basil Pennington. Tilgje meg for at eg ikkje har svart før, men eg har vore vekke på reise. Eg blir no verande i Hellas på dei heilage klosteret Den Heilage Krossens Opphøging. Der ventar eg på deg for å visa deg gjestfridom så lenge som du vil, og der kan me også diskutera alle sakene du nemnde i brevet ditt.

Sidan eg først hadde teke kontakt med den kjende ortodokse eldsten (geronta) både for å gjera eit intervju til magasinet vårt og for å søkja råd kva gjaldt den komande pilegrimsferda vår til Athos-fjellet, det legendariske heilage fjellet som er sjølve hjartet i ortodokst klosterliv, var eg glad for å få eit så varmt og generøst svar. Etter å ha fått ei lang liste med forslag for turen, la eldsten til nokre venlege ord om kor mykje han sette pris på førespurnaden. Deretter avslutta han på følgjande vis: ”Sjela mi skjelv av frykt for at du ikkje vil få svaret mitt i tide”.

Eg hadde lest i ortodokse tekstar om den djupe audmjukskapen som strålar ut frå dei heilage eldste – menneske som har luka ut sjølv det minste hint av å vera sjølvopptekne ved djup, kontemplerande bøn og eit asketisk liv. Men sjølv om eg hadde granske skriftene, venta eg meg ikkje ein slik epost. Då eg tok til å skriva svaret mitt, hadde eg unekteleg ei kjensle av at mannen eg hadde møtt ikkje var eit vanleg menneske.

Ideen om å intervjua ein ortodoks eldste til temanummeret hadde vore ein spanande tanke heilt frå starten av. For sjølv om dette var eit felt ingen av oss var ekspertar på, var me klar over at ortodokse kristne er i ein klasse for seg når det gjeld å klart definera fienden av åndeleg framgang. For denne antikke og mystiske delen av kristenheita, som skilde seg frå Den romersk-katolske kyrkja i 1054, hadde alltid hatt som sitt fremste mål å reinsa den menneskelege personlegdomen. Å verta fullstendig fri frå å vera egoistisk, sjølvsentrert og alt anna som hindrar menneskets i å reflektera lyset frå Gud. I heilage bøker som ”Himmelstigen”, og Filokalia har ortodokse eldste frå så tidleg som 300-talet skrive med presisjon om det åndelege slaget den oppriktige søkjaren må ta del i, dersom han eller ho skal ha noko håp om å vinna over dei indre ”demonane” som stadig går til åtak med nye og kreative taktikkar.

I ein av tallause slike tekstar i Filokalia, skriv Johannes Kassianus (300-talet) at ”Egoet er vanskeleg å kjempa mot, for det har mange former og opptrer i alle våre aktivitetar. Dersom det ikkje kan forføra eit menneske ved flotte klede, prøver det å freista han ved hjelp av tarvelege klede. Når det ikkje kan smigra han ved ære, bles det han opp ved å tola det som tilsynelatande er vanære. Når det ikkje kan overtyda han om kjenna seg stolt over å vera veltalande, lokkar det han gjennom stilla til å tru at han har oppnådd stille. Kort sagt; kvar oppgåve, kvar aktivitet, gjev denne spitefulle demonen høve for kamp”.

Medan ordet ”ego” i seg sjølv berre dukkar opp i meir moderne omsetjingar og kommentarar, har det gjennom sjølv i dei eldste ortodokse tekstane funnest tallause referansar til farane ved sjølvkjærleik, sjølvtillit og ”den verste av demonane” – stoltheit. Ikkje berre var det synda som sende Lucifer – Guds høgste engel – fykande ned i eld, men også den som førte til at Adam og Eva vart utviste frå paradis. Stoltheit vert kalla ”mor til all sorg”, og ”djevelens førstefødde”. Den vert også sett som den mest destruktive og mektige fienden på den åndelege stien. Som St. Johannes Kassianus skriv: ”Nett som ein dødeleg pest ikkje berre øydelegg ein kroppsdel, men heile kroppen, så øydelegg stoltheit heile sjela – ikkje berre ein del av henne. (…) Når denne lasta har vorte meister over vår stakkarslege sjel, er ho som ein streng tyrann som har fått kontroll over ein by og raserer alt”.

For å slåst mot dette forræderske egoet som er så innstilt på å slå beina under vår åndelege framgang, følgjer ortodokse munkar og nonner eit strengt regime av åndelege øvingar. Dei inkluderer stille, kontemplativ bøn, åndelege studiar, felles tilbeding – og ofte ekstraordinær asketiske praksis. I trua på at eit liv i vedvarande sjølvfornekting og liding er ideelt, avstår dei svartkledde sølibatære munkane og nonnene frå mat, søvn og drikke i lange periodar for å reisa seg sjølve frå ”verdslege lidenskapar” og koma nærare Gud.

I den ortodokse kalenderen, fann me ut, er halvparten av årets dagar fastedagar! Og då me las skildringa av det rigorøse monastiske tidsskjemaet som framleis vert følgt i ortodokse kloster, vart eg mållaus av å lesa at ein vanleg dag med bøn, arbeid og tilbeding ofte tek til ved midnatt og varer til kl. 22 eller 23. Då eg prøvde å finna ut kva tid dei søv, vart eg informert av ein prest at det faktisk ikkje er uvanleg at ein munk berre søv ein eller to timar per natt.

Og så har du dei verkelege asketane…

I kalde, nakne hòler høgt oppe i dei bratte fjellsidene på Athos (ei stor, vêrhard halvøy innvigd utelukkande til klosterliv), held einebuarar seg i einsam bøn, ofte berre med ”litt turt brød og vatn” som næring. I denne eldgamle eremittiske tradisjonen, som har røter heilt tilbake til 200-talet då dei fyrste ørkenfedrane fjerna seg frå verda for å leva åleine, finn ein stundom ekstrem asketisk praksis på nivå med dei strengaste yogiar i India. Medan me gjorde undersøkingar høyrde me om munkar som såg på sjølvpisking med ”laste-pinne” som eit effektiv middel for å undertrykkja freistingar. Andre brukte årevis på å stå eller knela i bøn på ei høg klippe til dei vart krøplingar. Og sjølv om eg av og til lurte på kor  grensa mellom sjølvnekting og sjølvtortur går, kunne eg ikkje anna enn å bli både audmjuk og inspirert av å lesa kor langt desse personane var villige til å gå for å nå sitt livs høgaste mål.

For, og det vart me fortalt om att og om att; dei asketiske øvingane ortodokse kristne utfører, er ikkje gjort for si eiga skuld, men for å oppnå eit konkret, overnaturleg mål. Nemleg å få del i guddommeleggjeringa (theosis på gresk). I kontrast til vestleg kristendom, der dogmet om arvesynd har hatt ein tendens til å vektleggja det skjøre og brotne hjå menneska, lærer Den ortodokse kyrkja at det ikkje berre er mogleg – men essensielt – for menneska å bli heilt forvandla; til lysande bilete av Gud. Ortodokse munkar og nonner siterer Jesu ord og eksempel som sa: ”Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.” Dei prøver å reinsa seg sjølve frå alle spor etter egoet, for slik å bli eit fullkome reiskap for Guds gjerning og ære i denne verda. Å oppnå dette vert sett som det fremste føremålet for menneskeleg eksistens, og sjølve livsnerven i alt kva ortodokse prøver å oppnå. Og som bevis på at det er mogleg å oppnå det peikar ortodokse kristne alltid på det same: Den totusenårige arven av helgenar; ei ubroten line av heilage menn og kvinner som går heilt tilbake til apostlane.

Noko av det som festa seg hjå oss då me tok til å studera ortodoks mystikk for temanummeret vårt, var nettopp overtydinga hjå så mange av dei me snakka med om at det faktisk eksisterer menn og kvinner i dag av same åndeleg kaliber som dei ”Gud-berande” meistrane frå gamal tid. Det var vår iver etter å snakka med eit slikt individ som førte til vårt omfattande søk etter opplyste ortodokse eldste, eit søk som til slutt første oss til arkimandritt Dionysios.

Fader Dionysios er fødd 1950 og oppvaksen i ein liten by nord i Hellas. Det vart tidleg klart at fader Dionysios ikkje ville finna sin heimstad i verda. Han kom frå ein religiøs familie der fleire av forfedrane hadde vore prestar. 17 år gamal reiste han heimefrå på grunn av ein sterk trong etter Den Heilage Ande. På det historiske klippeklosteret Store Meteoron møtte han sin åndelege far, den høgt verdsette eldste (geronta) arkimandritt Aemilianos. Der tok han imot tonsuren, og tok dermed på seg den forsakande livsstilen som munk.

Då den greske turistindustrien fleire år seinare hadde teke over så godt som heile klippeklosteret, tok eldste Aemilianos med seg flokken med unge munkar og etablerte seg på det heilage fjellet Athos. Med iveren etter eit heilagt liv tok dei til – i lag med ei handfull tilsvarande brorskap – å skapa nytt liv på den eldgamle klosterhalvøya etter ein nedgangsperiode.

Fader Dionysios var eit skinande ljos heilt frå byrjinga, kjent for sin kompromisslause lojalitet og kjærleik til sin eldste, og for hans usjølviske gjevmilde. Han delte med alle som kom for å besøkja klosteret som låg høgt over Egearhavet. Generøsiteten og hans sterke glød for klosterlivet førte snart til at han fekk ei rekkje invitasjonar frå utlandet, særleg frå Europa og Amerika. Dette førte til at han etter kvart vart ført vekk frå ”Det stille fjellet” han hadde hatt som heim, for å hjelpa andre på vegen. Etter at han reiste frå Athos-fjellet, har arkimandritt Dionysios hatt ei rekkje funksjonar i Hellas, Europa og Amerika. Han var også abbed i for Klosteret av Den Heilage Krossen i Jerusalem.

Etter å ha kome tilbake til Hellas, vart han gjeven ei øy der han skal byggja eit kloster for ein indre kjerne av munkar. Han er også overhovud for eit kloster utanfor Athen, der om lag førti unge nonner frå mange delar av verda har samla seg. Det var der eg var så heldig å få vera ei helg saman med denne lysande eldste sist haust. Me diskuterte både den ortodokse læra om egoet, og herlegdomen og fridomen som ventar dei som gjer det til sitt livs mål å leva utanfor egoets rammer.
– Kva er egoet?

Arkimandritt Dionysios: 
Då Satan, som var den første og høgaste engelen, såg vekk frå Gud og vende merksemda si mot seg sjølv – fekk egoet sitt første såkorn. Han tok sine åndelege augo vekk frå treeininga, og såg på seg sjølv, og begynte å tenkja på seg sjølv. Og så sa han: ”Eg vil setja min tronstol høgast oppe, og vera akkurat som Gud”. I den augneblinken starta egoets eksistens – eller kall det heller ikkje-eksistens, ei nekting av røyndomen. Egoet er det som kjem fram når kjærleiken døyr. Når me drep kjærleiken, resulterer det i ego.

– Kva karakteriserer egoet? Korleis utfaldar det seg i eit menneske?

AD:
Egoet er født når me ikkje stolar på andre. Når me er redde for andre menneske, når me treng våpen mot dei, då oppstår behovet for eit ego som konsekvens av feil livshaldning. Då tenkjer me berre på oss sjølve, og me ser berre vårt eige ego. Men når me ser kvarandre, stolar på kvarandre, er det ikkje behov for noko ego, og noko ego er heller ikkje mogleg.

– Så egoet er å insistera på å vera fråskilt og uavhengig?

AD:
Ja, på å vera åleine. Vår trong til å vera åleine, og ha alt på vår eigen måte, få alt som me vil ha - det konserverer personlegdomen vår på feil måte.

 – Det å setja oss sjølve først, altså?

AD:
Ja. Og som Kristus sa: ”Den siste skal bli den fyrste”. Berre dersom ein set seg sjølv lågast og vel det nedste setet, kan ein kalla sine medmenneske for vener.

– Egoet og kjensla av sjølv-viktigheit som du snakkar om, vert ofte skildra i Filokalia og andre skrifter frå kristne mystikarar som den fremste fienden som den åndelege aspiranten må slåst med i kampen for å bli eitt med Gud. Kvifor vert egoet sett som slik ein formidabel fiende på stien?

AD:
Det er ein så mektig fiende fordi det er fienden inni oss. Me er vår eigen fiende, akkurat som Adam og Eva i paradiset. Ja, slangen lurte Eva, men ho kunne ha unngått han. Slangen sa til henne: ”Herren laug for deg”. Men dersom ho hadde stolt fullt ut på Herren, ville ho ikkje ha snakka med slangen. Adam også, mista kommunikasjonen med Gud og vart verande i egoet sitt. Dei to egoa virka saman, både Adam og Eva sitt.

Den verkelege fienden er egoet, og grunnen til det er at egoet er ein motstandar av kjærleik., Når eg ser på meg sjølv, elskar eg ikkje andre. Når eg har lyst å få tak i det du har, blir ein min brors drapsmann, slik Kain vart overfor Abel. Når eg vil tilfredsstilla meg sjølv, vert den tilfredsstillinga utført ved å ofra ein annans fridom. Då vert egoet min herre og min gud, og det finst inga sterkare freisting enn det. For egoet kan sjå ut som ein diamant. Det kan skina som gull. Men ikkje alt som skin er gull. Egoet er som ein eld utan ljos, ein flamme utan varme. Det kan sjå ut til å ha mange sider og moglegheiter – men kva består denne moglegheita i? Kva er egoet? Det er middelet eg brukar når eg vil verna meg sjølv som om eg var i ein krig, som om kvar annan person er min fiende, og det einaste eg må bry meg om er å vinna krigen.

– Det har blitt sagt av nokre av dei største åndelege rettleiarane at når ein set i gang med det åndelege livet for alvor – først då kjem ein i nærkontakt med egoet på ein måte ein aldri før kunne ha tenkt seg. Når dei skildrar sine ulike møte med egoet, har mange helgenar skildra det som ei nesten djevelsk kraft som ikkje vil ha det åndelege livet. Vil ikkje ha Gud. I staden vil det gjera alt det kan for å hindra vår opplysning, og leggja kjeppar i hjula for vårt sterke ynske om å bli verande på stien.

AD:
Heilage Paulus skriver vakkert om denne hendinga, denne kampen i det menneskelege hjartet. Han snakkar om ei ”anna lov som er verksam i oss” (Rom 7, 23), som ber meg om å ikkje lytta til Guds vilje, til å gjera ting mot Han, og å nekta nåden. Ho prøver å halda meg i fortida, i mitt gamle liv, halda meg langt vekke frå Herren og hindra meg i følgja han. Difor sa eg at det største problemet for menneska er det me har inne i oss, ikkje utvendige problem. Dette er grunnen til at me treng åndelege fedrar. Me treng åndelege legar. Me treng ein operasjon, treng å fjerna noko frå hjartet vårt.

Mange forstår ikkje at denne indre fienden ikkje er identisk med sjølvet vårt – det er ikkje personlegdommen vår. Det er berre ei freisting. Problemet med egoet har sitt utspring her: Me set likskapsteikn mellom personlegdommen vår, og feila våre. Me forvekslar personlegdommen vår med synda vår. Når me sameinar desse to, oppstår eit feil inntrykk av kva me er. Då veit me ikkje kva me er, og me treng nokon som kan visa oss det. Me treng nokon som kan opna augo våre, slik at me i minstefall kan sjå vårt eige mørke.

Det fantest ein mystikar, den største av mystikarane, heilage Gregor Palamas. I tretti år var dette hans einaste bøn: ”Opplys mitt mørke. Opplys mitt mørke”. Han brukte ikkje Herrens namn, for han kjende seg ikkje verdig til det. Han adresserte ingen, men sa denne bøna dag og natt – meir enn han pusta. For alt han kjente til i seg sjølv var mørke. Han snakka likevel til nokon, til Kristus, som sa: ”Eg er ljoset”. Men han sa berre: ”Opplys mørket mitt”.

– Med andre ord; vis meg feila mine?

AD:
Eller kom til mitt mørke og brenn det vekk. Tenn eld og skap lys i mørket. Det største me kan gjera er å oppdaga at ved oss sjølve er me ingenting. Me er mørke og støv.

– Egoet vert ofte skildra i åndeleg litteratur som ein slu og opportunistisk motstandar som er i stand til å bruka ein kvar situasjon til sin fordel i eit forsøk på å hindra vår åndelege framgang. Kva meiner du er den viktigaste eigenskapen i individet som kan hjelpa oss å kjempa mot det smarte og omskiftelege egoet?

AD:
Omvending. Det å innsjå våre feil og synder. Det er det høgaste me kan gjera. Å sjå sanninga om oss sjølve. Hl. Isak syraren, den store mystikaren, seier at den fremste er den som innser og forstår synda si framføre Herrens åsyn. Han er større enn den som har vunne heile verda, som gjev mat til alle, som utfører undergjerningar eller vekkjer opp dei døde. Han er større fordi han aldri kan falla ned. Han har stabilitet, ein jamn grunn der han kan snakka med Herren. Han har ein stad der han kan invitera Herren inn med tårer, med omvending og me forståinga av at han har handla gale. Straks vert han klar. Ljoset kan skina gjennom Han. Han blir ein åndeleg lege, ein lærar og far – fordi han ikkje er redd for å innsjå sine eigne synder. Det er ikkje noko problem for han å seia: ”Tilgje meg, det var min feil”. Dette er nøkkelen for å sleppa unna alle djevelens snarer.

– Denne viljen til å vera ærleg med seg sjølv, kan ein kalla det å vera audmjuk?

AD:
Nei, det er betre å kalla det visdom. Å vera audmjuk er resultatet. Me gjer alt me kan for å vera audmjuke. Men å innsjå våre eigne feil – kva har det med audmjukskap å gjera? Må eg vera audmjuk for å sjå mine eigne feil? Nei. Å sjå mine eigne feil er livsviktig. Korleis kan eg halda mine eigne feil og synder for meg sjølv? Eg må seia: ”Det var eg som gjorde det”.

Dostojevskij seier det så fint i ”Forbrytelse og Straff”. Hovudpersonen, Raskolnikov, har drept nokon. Ganske snart innser Raskolnikov kva han har gjort. Han innser det ikkje sjølv, men ved hjelp av nokre harde ord frå ein prostituert, Sonja, som seier til han: ”Sjå kva du gjorde”. Til slutt leier ho han til torget, framføre mange folk, for å vedkjennast kva han har gjort. Og han gjer det. Han vedkjenner. Han seier at elles kan han ikkje eksistera, og at han elles ville ha utført meir og meir vondskap. Og han aksepterer dommen på 20 år i det verste fengselet. Han vert sendt dit, og der får han sin ”hjartemedisin”. Han tek medisinen. Mange har problem i livet fordi ein ikkje har lyst å innsjå våre eigne synder. Og dette er nøkkelen. Kva elles har me å gje kvarandre? Gull, pengar, lyster eller mat? Eit langt liv? Nei. Dersom me berre innser våre synder, vil me straks ha ei ny verd.

– Du snakkar om eit djupt samvit som rører på seg når me møter oss sjølve andlet til andlet?

AD:
Det er kjærleik. Kjærleik er meir enn berre samvitet. Samvitet er noko som seier: ”Du gjer slik og slik”, som vår eigen personlege rettssal. Men kjærleik er så mykje meir. Kjærleiken gjer oss i stand til å betala for synder som andre har gjort. Det er eit mykje høgare steg. Å ikkje berre sjå våre eigne synder, men også å ta på oss syndene som andre har gjort, slik Kristus gjorde. Det er kjærleik.

– Dei kristne fedrane skriv om den åndelege reisa som ei forvandling av mennesket til ein heilt annan eksistens. Ein eksistens der egoet er vekke og me er alle, fødde på ny. Men kva betyr det eigentleg at egoet døyr, og i kva forstand er me fødde på ny?

AD:
Herren kallar oss til endring. Han vil gje oss tilbake den røyndomen og det eigentlege sjølvet som me har mista. I det åndelege livet, og særleg i klosteret, kan egoet verkeleg bli endra. Slik som disiplane såg Kristi kropp bli forvandla til ljos på toppen av fjellet Tabor. Mange fedrar brukte tidlegare å seia at forvandlinga ikkje verkeleg skjedde med Kristi kropp, men at det var augo til disiplane som vart forvandla. For i den augneblinken kunne augo deira med eitt sjå Kristus slik han alltid hadde vore – skinande, full av lys. Gjennom audmjukskap, ved å følgja Kristus, vart dei ført til toppen av fjellet for å få ta del i denne røyndomen. Og alle me kan også ta imot denne velsigninga. Vår natur kan endra seg.

Denne transfigurasjonen er den eigentlege progresjonen, den eigentlege veksten. Det handlar ikkje om å bruka vårt åndelege liv i Kristus til å bli betre, flinkare, kunna fleire ting, ha fleire vener, å påverka andre, ha autoritet og makt, ha pengar, god helse, eit godt namn eller eit vent andlet. Nei, det handlar om kva som bur i hjartet vårt.

Det er viktig at egoets såkorn ikkje ligg planta i vårt hjartes åker. For når freistinga kjem, kan egoet øydeleggja livskvaliteten og forholda mellom menneske. Herren lærte oss å vaka til alle tider og å be: ”Lei oss ikkje inn i freisting, men fri oss frå det vonde”. Gjennom dette vernet mot freisting kan me oppnå å sjå klart inn i våre eigne hjarto. Og bed å følgja eit enkelt, normalt liv, kan me reinsa oss, både i ånd og sjel. Etter det er det lett for Den Heilage Ande å koma. Det er som i nattverden når me alle samlast i kyrkja og tek med brød og vin. Me ber, og Den Heilage Ande kjem og forvandlar brød og vin til Kristi kropp og blod. På same måte, me kan reinsa oss, og så kan Heilaganden koma og gje oss erfaringar og forvandla oss på alle dei måtane me har lest om i bøkene.

– I den ortodokse tradisjonen finst ei lang linje av opplyste åndelege fedrar, store personlegdomar som har demonstrert med sitt eige liv at det er mogleg å øydeleggja egoet og finna eit nytt liv i Gud. Kva kjenneteiknar ein som har vunne den åndelege kampen? Korleis endrar personlegdomen seg hjå nokon som verkeleg har overvunne egoet?

AD:
Han er alltid parat. Aldri trøytt. Han har glede. Han er alltid klar for å gje. Han eksisterer berre for dei andre. Han er klar for å tena alle. Han dømmer ikkje, ikkje eingong den verste syndar. Han er som eit barn, men som barn av ein konge. Kven kan røra kongens son? Kven kan røra ei ny fødd løve når løvemor står like ved? Han er som eit lite lam blant ulvar, men aldri redd. Han tener, tek imot alle, elskar og ber for alle, og er alltid klar for å døy. På den måten er han totalt fri. Alt dette er frukt av kjærleiken. Me blir ei kjelde til kjærleik. Slik er ein mann utan ego. Dette er forvandlinga. Det kan samanliknast med eit gamalt tre som må podast for å bli eit godt tre som kan bera frukt. Ein mann utan ego er ein mann med Gud, med den Heilage Ande.

Når du er klar for å døy for andre kvar stund på dagen, når du elskar, har respekt, når du bøyer deg for den andre – er det som om du gjer den andre klar for ein operasjon. Ikkje det at du dømmer han, eller føler at han treng noko frå deg. Men når eit menneske blir perfekt – og det både kan og må me – så merkar folk straks at dei treng det du har, dei veit det, dei forstår det. Veldig raskt vil folk benka seg framfor ein slik person, framfor ein åndeleg far eller son.

– Er det også di erfaring at ein åndeleg far som verkeleg har forbigått egoet, ikkje berre inspirerer folk til å nå sitt høgaste potensial, men også presenterer den ultimate utfordringa for egoet for dei som oppsøkjer han?

AD:
Absolutt. Faktisk, i nærværet av ein slik person vil djevelen raskt gje seg til kjenne. Og du kan veldig klart sjå korleis djevelen gjer folk sinte eller galne eller utan respekt sjølv om du ikkje har sagt noko. Berre fordi du er der, eksploderer dei. Og ein kan sjå skrekkelege ting i menneske som vanlegvis ser ut som snille folk med slips og smykke. Når nokon kjem som er berar av Guds ånd er det som om du ser Jesus gåande i gata. Dei demonbesette på Jesu tid sa; ”Kven er du? Har du kome for å skapa trøbbel for oss?” Nokon tok avstand frå han, andre prøvde å pønska ut korleis dei kunne drepa han, og atter andre tenkte stygt om han. Han snakka ikkje om kva dei sa, men om kva dei tenkte. Og den same Heilage Ande finst i dei åndelege fedrane, og det kan skapa same type konfrontasjon. Dette skjer fordi den andre personen forstår at det ikkje går an å tulla med denne mannen. Han kan ikkje gøyma seg frå han.

– I kristne skrifter vert det ofte brukt dramatiske namn på fienden av åndeleg liv. Satan, Lucifer, Djevelen. Er Satan berre ein metafor for den menneskelege egoet? Eller er det noko som står utanfor oss?

AD:
Satan er som ein lærar med ein teori, og egoet er det eit menneske brukar for å oppfylla teorien. Å leva for egoet er som å tenna røykjelse for Satan. Når han luktar det, kjem han. Det er kjent for han; det er som hans slektning, hans språk. Han likar det. Så kjem han, og slår følgje med egoet vårt. Slik startar han sitt slektskap med oss.

– Vil du seia at Satan eksisterer som ei upersonleg vond kraft som opererer i kvar og ein av oss som egoet? Eller er det meir rett å seia at egoet alt er tilstade i oss og Satar er den freistande stemma som egoet lyttar til?

AD:
Det siste. Han har ikkje autoritet til å arbeida gjennom egoet vårt. Me er alltid frie til å avgjera sjølve.

– Det er mange åndelege autoritetar i det moderne vestlege samfunnet som prøver å bruka tankemåtar frå vestleg psykologi på åndelege spørsmål. Faktisk er det no vanleg å seia at for å kunna stå imot åndelege vanskar, så må ein først utvikla eit sterkt ego, ei sterk sjølvkjensle. Eit utsegn som er blitt nesten ei truvedkjenning i åndelege sirklar er følgjande: ”Du må bli nokon, før du kan bli ingen” (You have to become somebody before you can be nobody). Kva synest du om det?

AD:
Det er som å seia: ”Ein må først bli sjef over mafiaen før ein kan bli president”. Eller å tru at ein først kan jobba i lag med Djevelen slik at han kan gje meg det eg treng, men sidan eg er smartare enn han, vil eg seinare bruka makta mi til det gode.

Det er godt å senda borna av garde for å studera, å læra song, idrett, få ei god utdanning, og eit godt økonomisk utgangspunkt i livet. Men kor ofte ser me ikkje at alle draumane dei rike og borna deira har, vert knuste? Bibelen seier at ”Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt.”

Dette egoet er det 21. hundreårets moderne gud. I spørsmålet ditt referer du eigentleg til den moderne religionen. Men me kjenner denne freistinga. Egoet seier: ”Eg trur ikkje at Den Heilage Ande finst”. Men det er ei løgn. Den Heilage Ande rettleier verda, og velsigna er dei som vil ha det, som ser det, som pustar det, som rører seg i det, som spreier inspirasjon gjennom det, som elskar det og som knyter seg til det.

– Det er også mange åndelege autoritetar i dag som insiterer på at egoet er eit ibuande og uforanderleg trekk ved menneskeslekta, og at å prøva å fjerna egoet – å prøva å overgå vår nedrige natur på jakt etter perfeksjon – er eit uttrykk for det største hovmot. Den Jung-inspirerte psykologen Marion Woodman går så langt som å seia at sjølve tanken på perfeksjon ”Voldtar sjela”. Korleis vil du svara dei som påstår at me har visse feil og manglar frå naturen si side og er inkapable til å nå det fullkomne?

AD:
Kristus sa: Ver fullkomne. Når ein prøver på det, og seier innvendig at eg er ein forferdelig, fortapt syndar, ein slave, då finn du audmjukskap og då finn du ære. Det er mogleg å bli fullkomen, for Han er fullkomen – han som tok på seg vår natur. Så dersom han kan gjera det, kan me også gjera det. Me kan vera med Han. Denne gåva gjer det mogleg å vera fullkomen. Det er også mogleg å vera ufullkomen, fordi me har fridomen til å seia nei takk til gåva, nei takk til kjærleiken. Når me gjer det då treng me teologi og filosofi for å laga nye teoriar som seier at egoet ikkje kan forbigåast.

Det er mogleg å vera fri frå egoet. Det må vera mogleg, for det er naudsynt. Det er berre fordi at folk ikkje kjenner til denne moglegheita, eller ikkje vil det, og ikkje vil tillata at ei slik moglegheit skal eksistera, at dei har behov for å konstruera alle desse ideane. Men dei veit at dei snakkar løgn. Det er noko av det sprøaste ein kan høyra. Når ein doktor seier til ein sjuk mann: ”Det å vera sjuk er ein del av naturen vår. Det må me berre lida oss gjennom. Så det er ikkje noko vits i klippa neglane, eller vaska fjeset. Me skal jo likevel vera døde i morgon. Kva slags lære er det? Jau, det er mogleg å vera fri frå egoet – men det er eit mysterium.

– Dei asketiske øvingane ein finn i ortodoksien legg sterk vekt på behovet for å undertrykkja dei instinktive driftene våre. Impulsar som lyst, svolt, torste, og til og med trongen etter søvn held asketane ofte på avstand i lange periodar med forsaking. Kva rolle speler slike asketiske øvingar i å oppnå fridom frå egoet?

AD:
Asketiske øvingar er eit middel for å koma fram til målet. Det er som jernbaneskinnene der toget kan gå. Mange trur at å vera asketisk er å følgja eit sett med reglar. Men det er ikkje ein lov som er pålagt oss. Ta fotball som døme: Det er ikkje det at reglane er vanskelege, men reglane er der for at spelet skal gå rett for seg. Slik er det også med det asketiske livet. Periodane med faste, nattevåk og bøn er mystiske middel eller metodar. Me følgjer denne metoden, desse guddommelege pliktene. Og i tillegg til dei generelle reglane, er det også personlege reglar som kan gjevast i samtale mellom åndeleg far og son. Det er som særlege kall for kvart individ. Helgenane brukte mykje tid åleine i hòler eller i skogen eller i ørkenen. Og dei gjekk dit utan å ha tenkt å koma tilbake. Når dei gjekk, gjekk dei for å bli. Herren sjølv var deira rettleiar.

Då Kristus gjekk ut i ørkenen etter at han var døypt, gjekk han for å møta djevelen. Han tenkte ikkje: ”Etter førti dagar skal eg tilbake”. Han berre gjekk. Han kom ut av elva Jordan etter å ha blitt døypt av Johannes forløparen, og gjekk så til ørkenen. Ein kunne sagt at han berre kasta vekk tida åleine i ørkenen. Han var ikkje i lag med menneske for å gje dei mat, velsigna dei, rettleia dei eller for å gje dei Den Heilage Ande. No, han gjekk til ørkenen, og sa til djevelen: ”Du har hatt din leik med menneska. Du begynte med Eva i paradiset, og no avsluttar du med meg. Eg er her åleine. Eg et ikkje. Eg drikk ikkje. Kulden i beina mine om natta her i ørkenen er forferdelig. Eg lir. Men eg leikar ikkje. Eg er her. Åleine. Og så kjem du og fortel meg at eg kan gjera steinane om til brød. Du ber meg å bøya meg ned for deg. For deg? For slik å gje deg makt over mitt folk? Gå vekk. Me har møtt kvarandre. Eg veit kven du er og du veit kven eg er. ” Og i den augneblinken gav djevelen opp alt.


Så det asketiske livet er naudsynt. Å vera klar i kvar stund for døden, framfor alle og for alt – det er ørkenen, det er det asketiske livet. Og det opnar opp for Den Heilage Ande. Og om me går, vil Herren leia oss.

Oversatt fra: The Enemy Within

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nyere innlegg Eldre innlegg Start