mandag 31. juli 2017

Olsokfeiring i London

Den 29. juli 2017 ble det holdt orthros (matutin), guddom-melig liturgi og artoklasia (brødbryting) til ære for Hl. Olav i London. Troende fra flere nasjoner samlet seg i Maria Hensovnelse-kapellet i Hl. Andreas gresk-ortodokse katedral i Kentish Town, med den norske presten f. Kristian Akselberg som celebrant. 

Dette var første gang den nye Olavsgudstjenesten kompo-nert av hymnograf Panagiotis Somalis ble tatt i bruk. Gudstjenesten er skrevet på kirkelig gresk og hymnene er tilpasset de tradisjonelle bysantinske melodienes takt-arter. Selve innholdet er basert på de tidlige, pålitelige kildene som beskriver helligkongens liv og undergjerninger. Den omtaler også nyere hendelser som byggingen av det russisk-ortodokse olavskapellet på Stiklestad i 2014 og funnet av Klemenskirken i Trondheim i 2016. Menighetens lokale biskop, Chrysostomos av Kyanea har velsignet bruk av gudstjenesteteksten, mens Erkebiskop Gregorios av Thyateira og Storbritannia har levert den til Den hellige synode i Konstantinopel for offisiell patriarkal anerkjennelse. Deler av den engelske gudstjenesteteksten komponert av den norsk-amerikanske hymnografen Isaac Lambertsen ble lest under kompletoriet kvelden før. 

Et nytt ikon av «Hl. Olav Undergjøreren, Norges Evige Konge og Opplyser», malt på Kypros av den rumenske ikonografen f. Laurentius Musat i anledning av den nye gudstjenesten, ble båret i prosesjon og venerert av de troende. Under artoklasiaen ble alle ortodokse prester som gjør tjeneste i Norge bedt for ved navn. Bildene ble tatt av Alexios Gennaris.



Protopsaltis Angelos Achtinoudis var korleder.
Nattverdsgavene blir båret frem til alteret: "Må Herren vår Gud komme dere
og alle fromme og rettroende kristne ihu i sitt Rike, nå og alltid, og til all evighet".


Fem brød, vin, olivenolje og hvete velsignes under Artoklasia etter
presten har bedt ved navn for alle de troende som feirer høytiden.
Olavsikonet malt av f. Laurentius Musat bæres av en av menighetens epitropoi

Presten tilrøker festikonene, kirkerommet og folket mens han synger Engelens Hilsen

mandag 17. juli 2017

Åtte råd til kristne foreldre


Av: Lawrence Farley, prest i Den ortodokse kyrkja
1. Pass på at du sjølv kjenner Jesus.

 Du kan ikkje gje vidare det du sjølv ikkje har. Dersom du ikkje kjenner Jesus som Herre, Gud og frelsar, kan du heller ikkje gje borna dine denne kunnskapen. Å vita om Jesus er ikkje nok. Å kunna teologi eller å kunna sitera Filokalia og kyrkjefedrane er ikkje nok. Heller ikkje å gå i kyrkja på søndag er nok dersom du ikkje har Jesus på førsteplass i livet også resten av veka. Kyrkjelyden i Korint gjorde alt dette, og Hl. Paulus refsa dei likevel: ”Somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.” Å kjenna Gud er å setja han først. Dersom Gud ikkje er på førsteplass, er ortodoksien ikkje din religion, men din hobby, og som nokre av korintarane, kjenner du ikkje Gud. Då treng du å endra på dette, og det raskt. Du kan kanskje lura mange menneske, men du kan aldri lura Gud, og du greier heller ikkje å lura borna dine. Dei vil skjøna om du verkeleg kjenner Jesus eller om du juksar.

2. Gjer bøn til hovudaktiviteten i livet ditt
 Dette handlar om meir enn å berre be for maten. Det betyr jamvel meir enn å ha jamlege familiebøner, sjølv om dette også er ein del av det. Det er viktig å be så ofte at borna dine kan sjå at dette er noko du gjer også når dei ikkje ser på. Dette vil overtyda dei meir enn noko anna om at du meiner alvor. Når du då fortel dei om trua, vil dei forstå at det ikkje berre er slikt foreldre seier til borna sine, men noko som er verkeleg, sant og viktig.

3. Gjer ikon-hjørnet ditt til sentrum i heimen.
 Be der som familie kvar dag, og involver borna så mykje som mogleg. Når det gjeld dei minste, er det kanskje ikkje så meir enn å kyssa ikonane dei kan vera med på, men alle bør vera involverte i den grad dei kan. Dei kan vera med og seia sine bøner, og tenna lys. Når borna er små, må bønetida vera så kort at dei ikkje mistar interessa. I ei barneTV-verd der det er lagt opp til at borna mistar interessa etter 1,5 minutt – kan dette vera vanskeleg. Men me bør streva etter å finna ein balanse: be nok til at hjartet blir oppvarma – utan at borna blir ufokuserte.

4. Sjå etter høve til å praktisera forbøn.
 Dersom borna fortel t.d. at ein ven er sjuk eller har gjort noko gale, bør me sjå det som eit Guds kall. Ikkje eit kall til å koma med masse formaningar, men til å be for venen, og å samla familien ved ikonhjørnet for ei kort bøn for den som har eit behov. Dei vil leggja merke til at me valde å be i staden for å koma med formaningar, og vil setja pris på det i løyndom. Ei formaning kan bli sett som hyklersk, men det kan aldri ei audmjuk bøn.

5. Ver ærleg når du svarer på spørsmål.
 Eg hugsar ein gong, når min eldste dotter var svært ung. Eg skulle seia godnatt til henne når ho spurde meg kvifor me som ortodokse trudde på Kristi oppstode. Eg svarte ved å visa til prova: at apostlane sa at dei hadde sett Han, og at dei åt i lag med han etter at han hadde døydd, og at dei ikkje hadde nokon grunn til å lyga, og at sjølv fiendane innrømte at grava var tom. Hl. Paulus plutselege omvending kunne heller ikkje ha noko anna forklaring. Svaret hennar var interessant: Ho sa ho var letta fordi eg svarte slik. Ho var redd at eg skulle seia at me trudde på det berre fordi det stod i Bibelen. Eg trur mange born er som det. Dei vil tru så lenge dei får truverdige grunnar til å gjera det. Å berre sei: ”Du må tru fordi det står i Bibelen”, eller fordi kyrkja seier det, er ikkje nok. Tida då trua var noko sjølvsagt og grunnleggjande i kulturen vår, er for lengst forbi. No er ingenting heva over kritiske spørsmål, og me må finna fram til nokre gode svar.

6. Ver involvert i borna dine
 Still spørsmål om venene deira, kva dei les eller kva dei ser på TV, kva dei ser på online, kven dei besøkjer etter skulen. Følg med på aktivitetane dei har på internett. Ikkje som stor-inkvisitoren, som om du forhøyrer dei, men som nokon som er nysgjerrig fordi du bryr deg. Du spør jo ektefellen din om korleis dagen hans eller hennar var, ikkje som eit forhøyr, men fordi du er interessert. Ha denne kjærlege interessa også til borna dine.

7. Gle deg i Herren og ver takksam
 Kristus lova disiplane at dei skulle ha liv, og det i overflod (Joh 10,10 og 16,22), og det er noko som bør vera synleg i liva våre. Det betyr ikkje at me skal vera euforiske og aldri oppleva noko trist, irritasjon eller sorg. Ein tilstand av glede kan ikkje vara ved utan ekstraordinære opplevingar av Guds uskapte lys – eller som følgje av tung medisinering. Men dersom trua vår ikkje gjev oss i alle fall eit minstemål av glede i liva våre, vil me ikkje kunna visa andre at dette er noko å trå etter. Dersom kristentrua vår gjer oss deprimerte, vil me vera elendige til å vidareformidla henne. Det er nok av ting i verda som deprimerer oss om ikkje også religionen skal gjera det same. Denne gleda vil veksa i oss når me tek til å vera takksame. Takk Gud for alt du har fått, og du vil setja meir og meir pris på alt Han har gitt deg. ”Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.” (1. Tess 5, 18)

8. Be for borna med iver, kvar dag
 Me bør ikkje bli desperate når det kjem tilbakesteg, og me må aldri gje opp. Me elskar borna våre, men Gud elskar dei endå meir. Han held seg ikkje på avstand når det gjeld kampen for deira sjeler. Lat oss gje borna våre over i Guds trygge hender utan opphøyr, be Gud om å vaka over dei, arbeida med hjarta deira, og ta dei inn i hans famn.
Nyere innlegg Eldre innlegg Start